Eit godt eksempel på bruk av opne data frå offentleg sektor.
Bergens Tidende har rigga fleire Slack-robotar som automatisk postar i Slack så journalistane kan sjå når noko nytt har skjedd og vurdere om dei skal følgje det opp. Til dømes skrive ei sak.
Verdien er at journalistane får beskjed når noko skjer, i staden for å måtte sjekke ein nettstad med jamne mellomrom for å sjå om det er noko nytt. Robotane sørger for å hente ut informasjon som er relevant. Til dømes kun vise restaurantinspeksjonar for relevant geografisk område i staden for alle inspeksjonar i heile Norge, og kun vise restaurantinspeksjonar med negativt resultat.
Frå Statens vegvesen
Varsel om vegstenging og liknande.
Datakjelde: Trafikkinformasjon på DATEX-format
Bergens Tidende nyttar også trafikk-data frå vegvesenet på si side "Trafikken direkte" (for abonnentar).
Smilefjes-data frå Mattilsynet
Varsel om Smilefjes-tilsyn i relevant område der tilsynet har gjeve negativt resultat.
Smilefjes-data finn du i desse to datasetta:
Smilefjestilsyn på serveringssteder
Kravpunkter for smilefjestilsyn på serveringssteder
Opprinneleg presentert av Bergens Tidende på opne-data-meetup i Bergen februar 2018.
Eg nytta dette som eksempel i ein lyntale om opne data på Booster-konferansen mars 2018 - video - slides.
]]></description><link>https://datalandsbyen.norge.no/topic/38/automatisk-varsling-til-journalistar-om-restaurant-inspeksjonar-og-trafikkmeldingar</link><generator>RSS for Node</generator><lastBuildDate>Tue, 10 Nov 2026 11:50:14 GMT</lastBuildDate><atom:link href="https://datalandsbyen.norge.no/topic/38.rss" rel="self" type="application/rss+xml"/><pubDate>Mon, 14 Jun 2021 11:08:32 GMT</pubDate><ttl>60</ttl></channel></rss>