Datajegeren fekk henvending der ein ønskjer oversikt over politistasjoner inkludert posisjon, til bruk i utredningsarbeid.
Kva data finst?
Politiet har i skrivande stund ikkje sjølve publisert eit slikt datasett.
Geonorge har gjort tilgjengeleg politisoner og -distrikter (sjå data.norge.no eller geonorge.no), men dette er ikkje dei enkelte politistasjonane.
Datakjelder: Enhetsregisteret og politiet.no
I Enhetsregisteret finn ein enheter og underenheter for offentleg sektor.
Det ser ut til at politistasjoner og lensmannskontor er pent hierarkisk registrert der:
Justisdepartementet
Politi- og lensmannsetaten (915429785) – ORGL (organisasjonsledd)
Trøndelag politidistrikt (983998631) — ORGL
Steinkjer politistasjon (874753262) — BEDR (underenhet)
Ein mogeleg måte å hente ut alle relevante enheter er å ta heile enhetsregister-datasettet, filtrere på næringskode 84.240 «Politi- og påtalemyndighet» og deretter på organisasjonsform-kode BEDR for å få dei enkelte geografiske lokasjonane (politistasjoner).
Merk at det er i datasettet underenheter ein finn organisasjoner av typen BEDR.
I enhetsregisteret er det Beliggenhetsadresse som gir gateadressa. For å få kartkoordinatar kan ein slå opp i Kartverket sitt API.
Vi har ikkje undersøkt om denne oppskrifta gir korrekt resultat — for eksempel at det er oppdatert og komplett.
Før vi kom så langt i saka, løyste innmeldar dette ved å hente oversikt over politistasjonar frå politiet sine nettsider. Innmeldar nemde at datakvaliteten der var varierande, mellom anna med feil i postnummer.
Håpar dette er til nytte for andre!
Oppslag i Enhetsregisteret kan i mange tilfeller vere vegen å i andre tilfeller der ein treng å få oversikt over kvar offentleg sektor har kontor.
]]></description><link>https://datalandsbyen.norge.no/topic/393/politistasjoner</link><generator>RSS for Node</generator><lastBuildDate>Thu, 11 Jun 2026 10:31:00 GMT</lastBuildDate><atom:link href="https://datalandsbyen.norge.no/topic/393.rss" rel="self" type="application/rss+xml"/><pubDate>Wed, 27 Sep 2023 13:05:43 GMT</pubDate><ttl>60</ttl></channel></rss>