Laga eit PHP-script for å hente ut denne strukturen over staten, samt legg på alle organisasjonsnummer slik at ein kan koble dette med andre datasett.
Må endrast litt på for å kunne køyre, så det er mest til inspirasjon. Det er ikkje produksjonsklar kode.
To nivå
Kort fortalt, så hentast først ut toppnivået i staten (departement + andre toppnivå som t.d. domstolane), og deretter dei direkte underordna organa i nivå 2.
Eksempel på data (JSON) frå køyring av scriptet.
Informasjon om kvar enhet er den samme som ein får ut frå data.brrreg.no.
Det er organisert i eit hierarki med to nivå, samt lagt på ei liste med organisasjonsnummer på kvar enhet.
Underordna
Kvar enhet i toppnivået har eit felt («underordna») der underordna enhet er. For eksempel så er «ARBEIDS- OG VELFERDSETATEN» (kjent som NAV) under «ARBEIDS- OG INKLUDERINGSDEPARTEMENTET».
Organisasjonsnummer for å kunne koble med andre data
For kvar enhet i både nivå 1 og 2, blir det lagt på eit felt («orgNums») der alle organisasjonsnummer er med slik at ein kan krysskoble. For nivå 1 er det organisasjonsnummer til enheten, samt organisasjonsnummer for alle underenheter. For nivå 2 er det samme + rekursivt organisasjonsnummer for alle underordna enheter og alle underenheter.
NAV har for eksempel ei svært stor liste over organisasjonsnummer sidan dei har svært mange kontor.