Alternative namn, forkortelsar og engelske namn for verksemder
-
Finst det datakjelder med alternative namn på verksemder?
Er det planar som fører til betre data om dette?Behovet
Vi i Digdir ønskjer å vise fleire namn på verksemder i katalogane på data.norge.no. Namn står på kven som er utgjevar av innhald i katalogane, til dømes ei datasett-beskriving. Ein ser også informasjon om verksemdene i Virksomhetsoversikt og detaljsider for ei verksemd (Digdir som eksempel).
For data.norge.no handlar dette om å vise dei "vanlege" namna på verksemder slik at det er lettare å finne fram for brukarane. Til dømes søker ein brukar gjerne på «NAV», men er nødt til å søke på det formelle foretaksnamnet («Arbeids- og velferdsetaten») for å få treff.
Vi trur dette er av interesse for mange andre, og opprettar difor etterspørselen offentleg her.
Kommenter gjerne under om du har behov for nokre av dataene nemt under.Data vi ønskjer
Følgande alternative namn, knytt til organisasjonsnummer.
D1) Vanlege namn på verksemder
a) Store og små bokstavar
I Enhetsregisteret er foretaksnamn registrert med kun store bokstavar. For å vise foretaksnamn ønskjer vi ofte å vise namna skrive med stor forbokstav og elles små bokstavar. Ein kan konvertere foretaksnamn til stor forbokstav, men dette blir ikkje alltid riktig.Eksempel på at det ikkje alltid vert rett når ein automatisk endrar foretaksnamn til stor forbokstav:
b) Vanleg namn brukt utad framfor foretaksnamn
Mange verksemder brukar eit anna namn til vanleg enn det formelle foretaksnamnet.
Til dømes er Kartverket sitt foretaksnamn «Statens kartverk», men dei brukar «Kartverket» utad i alle samanhengar utanom formelle settingar (til dømes kontrakter). Andre eksempel:- Registerenheten i Brønnøysund -> Brønnøysundregistrene
D2) Forkortelsar
For eksempel
- Digitaliseringsdirektoratet -> Digdir
- Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet -> DFD
- Arbeids- og velferdsetaten -> NAV
- Brønnøysundregistrene -> Brreg
D3) Engelsk namn og eventuelle andre språk
På data.norge kan ein velje Engelsk som språk på nettstaden. Då kjem beskrivelsar opp på engelsk dersom dei er tilgjengeleg. Her hadde det gjort seg å kunne vise engelske namn på verksemder. F.eks. Digdir -> «the Norwegian Digitalisation Agency».
Datakjelder
Er det verksemder i offentleg sektor som har desse dataene, eventuelt berre for deler av verksemdene i Norge?
K1. Enhetsregisteret — Brønnøysundregistrene
Har ein eller kjenner ein til datakjelder eller planar?
K2. Forvaltningsdatabasen (statleg sektor) — SIKT
Forvaltningsdatabasen har kortnamn og engelsk namn. Eksempel: Digdir
Kan ikkje sjå at Forvaltningsdatabasen er tilgjengeleg via API eller som nedlasting. Er det planar om dette?
Vi tek også kontakt med SSB, som gjerne kjenner til dataene, då dei har ei viktig rolle i å ajourføre informasjon om offentleg sektor i Enhetsregisteret.
-
Datamodellen spesifisert i STIRData (https://stirdata.github.io/data-specification/) har en egenskap for forkortet navn, kan være verdt å se til.
-
Jeg lurer også på om det kunne vært mulig å inkludere virksomhetenes logoer i Enhetsregisteret. I dag har vi en egen tjeneste i Digdir som inneholder virksomheters logoer. De vises på sidene for virksomheten https://data.norge.no/organizations/991825827. Vi vet også at andre produkter, som Altinn Studio, har behov for virksomheters logoer.