Tilbud om solceller ved hjelp av bygningsdata - Otovo
-
Otovo er eit norsk selskap som tilbyr solcelle-løysinga for vanleg hushaldningar. I staden for synfaring på den enkelte bygningen, er prosessen delvis automatisert ved hjelp av bygningsdata frå Geovekst. Ein kan skrive inn si gateadresse og umiddelbart få sjå kor mange solceller ein kan setje opp på sitt tak, kor mykje det kostar, forventa produksjon med meir.
Skjermbilde av artikkel i Digi.no 12.03.2018.Slik får brukarane umiddelbart tilbod på solceller
Ein skriv inn gateadressa:Og etter nokre sekund får ein opp tilbod på solceller basert på den takflata som har best solforhold:
Om ønskjeleg kan ein endre på kva takflater som skal takast med:
Dette fekk dei ut av dataene
Utan tilgang på bygningsdata ville Otovo neppe hatt eit eksistensgrunnlag, skreiv Digi.no. Otovo verker produserer solcellepanel eller monterer på hus. Kjerneverksemda deira er programvare for å lage tilbud på installasjon av solceller, og det heile bak, til dømes koordinering av lokale montørar. I 2018 fortalte Otovo til Digi.no at ein hadde gjort 150 000 oppslag på tak i Norge og Sverige. Dersom ein hadde gjort slike oppslag ved å sende ut montør på synfaring til ein pris på 2000,- pr besøk, ville dette blitt 300 millionar kroner.Unike data for Norge
Otovo fortel at data om bygningar er unike for Norge. Data i andre land er ikkje i nærheita når det gjeld kvalitet, og er gjerne også dyrare.I Norge er data basert på byggesøknader som vert sendt inn til kommunane. Informasjonen der går deretter vidare til den nasjonale Felles kartdatabase (FKB). Der kan ein hente ut 3D-informasjon om bygningen, derunder takflate (størrelse, helning og liknende).
I andre land er det data som er mindre egna til dette formålet. I Sverige kan ein få ut eit omriss (polygon) over bygningen, men dette er kun eit 2D omriss over bygningen sine ytterveggar og gir lite informasjon om takflatene. I Frankrike kan ein få 3D-data som er utrekna frå flyfoto frå fleire vinklar, men desse dataene har lavare detaljnivå enn data i Norge. Andre stader kan ein få ut laser-målingar, men desse er heller ikkje like gode som data i Norge.
Desse datakjeldene brukar dei
FKB-Bygning - frå Geovekst/Kartverket. Betalte data. Otovo kjøper dataene via Norkart. Ved å oppgje adresse, får Otovo tilbake informasjon om takflater.
PV-GIS - europeisk database om solforhold. Opne data.
OpenStreetMap - til å berekne køyretid frå næraste montør til eigedom for å rekne ut pris på installasjon. Opne data.Tidlegare brukt som eksempel
- Otovo som eksempel på bruk av norske bygningsdata kom først fram i artikkel i Digi.no 12.03.2018:
«Norsk tech-oppstart har spart 300 millioner kroner på åpne data» - krev abonnement - Brukt som eksempel i ein lyntale om opne data på Booster-konferansen mars 2018 - video - slides.
- Stortingsmelding "Data som ressurs" (st. meld 22 - 2020/2021) - boks 5.7 (side 57 i PDF).
- Nemt i «Veileder for tilgjengeliggjøring av åpne data» (avsnitt "Verdien av åpne data").
- Otovo som eksempel på bruk av norske bygningsdata kom først fram i artikkel i Digi.no 12.03.2018: