Skip to content
  • Kategorier
  • Emneord
  • Seneste
  • Populære
Lukk
Datalandsbyen logo
  1. Hjem
  2. Etterspør datasett og API-er
  3. Sykkelparkering i Oslo

Sykkelparkering i Oslo

Planlagt Festet Låst Flyttet Etterspør datasett og API-er
1 Innlegg 1 Innlegg 3.2k Visninger
  • Eldste til nyeste
  • Nyeste til eldste
  • Flest stemmer
Logg inn for å besvare
Denne tråden har blitt slettet. Bare brukere med trådhåndterings-privilegier kan se den.
  • D Frakoblet
    D Frakoblet
    datajegeren
    skrev på sist endret av livar.bergheim
    #1

    Datajegeren fekk ei henvending om sykkelparkering i Oslo.
    Etter litt leiting, fann vi eit datasett i Oslo kommune sin API- og datakatalog:
    Oslo kommune sykkelparkeringer forhåndsvisning 2022-09-13.png

    Kva anna fann vi om sykkelparkering undervegs?
    Både vi og innmeldar fann nokre andre data om sykkelparkeringar undervegs:

    1. Tromsø kommune har publisert eit datasett om sykkelparkering, men lenkene fungerer ikkje lenger.

    2. Bærum kommune har eit skjema på nett der ein kan registrere sykkelparkering i kommunen eller melde om behov for sykkelparkering. Fann ingen stad der det som er registrert er tilgjengeleg, eller tydeleg informasjon om kva innsendt informasjon blir brukt til.

    3. Statens vegvesen har sykkelparkering i Nasjonal vegdatabank (NVDB) (vegdata.no), men «kun» cirka 1350 i heile Norge (i motsetnad til over 4000 i Oslo kommune sitt datasett). Gå til vegkart.atlas.vegvesen.no og søk på «sykkelparkering» for å sjå i kart kva som er i vegvesenet sin database. Sjå også beskrivelse av objekttypen Sykkelparkering.
      Oppføringer i data.norge: NVDB, Mobilitetstenester i NVDB

    4. Bane NOR ser etter nye løysingar for trygg sykkelparkering på togstasjonar. Litt på sida av innmeldt behov, men viser at det er ein del som skjer rundt sykkelparkering.

    Oppfølgingspunkt

    A) Oppdaterte data frå Oslo kommune
    Vi har spurt Oslo kommune om dei har oppdaterte data, då datasettet nemner at oversikta er basert på kartleggingar og siste kartlegging var i 2020.

    B) Gjere Oslo kommune sitt datasett lettare å finne
    Datasettet frå Oslo kommune er ikkje mogeleg å finne via data.norge.no. Det er relativt enkelt for Oslo kommune å eksportere sin datakatalog til data.norge.no slik at deira datasett/API også er mogeleg å finne derifrå.

    C) Nasjonal database over sykkelparkeringar / dataformat
    Tilfeldigvis var vi også i kontakt med ein aktør som tok opp spørsmålet om ein nasjonal database med oversikt over sykkelparkering og standardisert dataformat for dette. Vi skal oppmode til å starte ein eigen diskusjonstråd i Datalandsbyen om dette.

    1 Svar Siste svar
    2
    • D datajegeren refererte dette emnet dette emnet på

    • Data.norge.no
    • Kontakt oss
    • Samtykke og brukervilkår
    • Tilgjengelighetserklæring
    • Personvernerklæring
    • Informasjonskapsler
    • github logoFølg oss på Github
    • Logg inn

    • Logg inn eller registrer deg for å søke.
    • Første innlegg
      Seneste innlegg
    0
    • Kategorier
    • Emneord
    • Seneste
    • Populære