Fjerna varsel om at tråd/emne er forelda
-
Tidlegare vart du møtt med eit advarsel dersom du forsøkte å svare i eit Emne som var eldre enn 60 dagar:
Denne har vi no skrudd av. Grunnen til det er at vi gjerne vil at ein skal svare på gamle trådar. Vi ser at det vert stilt spørsmål som kan vere aktuelt å svare på lenge etterpå.
Nye kommentarar i gamle Emner blir likevel synlege enten det er i oversikt over kategoriar, «Siste»-sida, eller siste innlegg på framsida av data.norge.no. I tillegg er standardinnstillinga at brukarar som enten har oppretta eit Emne eller skrive innlegg i eit emne, får e-postvarsel når det kjem eit nytt innlegg i Emnet.
Oversikt over kategoriar på framsida av Datalandsbyen. Heilt til høgre ser du emnet det sist var aktivitet på.Innstillinga i NodeBB-plattformen. Teknisk sett har vi sett verdien til 10 000