Skip to content
  • Kategorier
  • Emneord
  • Seneste
  • Populære
Lukk
Datalandsbyen logo
  1. Hjem
  2. Gode eksempler på bruk
  3. Turbo - nettlesar-plugin for datahotellet

Turbo - nettlesar-plugin for datahotellet

Planlagt Festet Låst Flyttet Gode eksempler på bruk
datahotellet
1 Innlegg 1 Innlegg 3.6k Visninger
  • Eldste til nyeste
  • Nyeste til eldste
  • Flest stemmer
Logg inn for å besvare
Denne tråden har blitt slettet. Bare brukere med trådhåndterings-privilegier kan se den.
  • L Frakoblet
    L Frakoblet
    livar.bergheim
    skrev på sist endret av livar.bergheim
    #1

    Dette er ein nettlesar-innstikk (plugin på godt norsk) som fungerer med Datahotellet (hotell.difi.no) og data.norge.no. Du besøker nettsidene som vanleg, og innstikket gir ekstra funksjonalitet.

    Dette er både eit eksempel på bruk av API-et og datasett frå datahotellet, samt korleis nettlesar-innstikk kan gje ekstra funksjonalitet på nettsider der du ikkje sjølv kan gjere endringar.

    Eg har jobba ein del med Datahotellet i mine år i Digdir/Difi, og i arbeidet med å drive datahotellet og hjelpe organisasjonar med å publisere datasett så sakna eg ein del funksjonalitet. Som eit hobbyprosjekt laga eg dette innstikket til nettlesaren.

    Kva ekstra funksjonalitet får du?

    Framsida på Datahotellet
    2413f734-8612-4659-b2a2-86319e498794-2021-11-05 17_13_17-Digitaliseringsdirektoratet _ Datahotell - Difi.png

    Til venstre: vanleg versjon.
    Til høgre: med innstikk. Her får ein lista opp alle datasett på datahotellet.

    Grunnen til at du ikkje får opp liste i vanleg versjon av datahotellet er at datasett-beskrivelsen på data.norge.no inneheld viktig informasjon om datasettet. For eksempel oppdateringsfrekvens, kontaktinformasjon til utgjevar av datasett, viktige merknader om datasettet etc. Den vanlege versjonen av Datahotellet har ingen lenke frå eit datasett på datahotellet til den korresponderande oppføringa på data.norge.no.

    Visning av datasett

    06158f1a-619b-45ba-8703-08351c215731-2021-11-05 17_21_05-2021-11-05 17_18_44-Digitaliseringsdirektoratet _ Datahotell - Difi_.png

    Til venstre: vanleg visning.
    Til høgre: Turbo-versjon.

    I bildet ser du

    1. Tittel på datasettet. Kvart datasett i datahotellet har lagra ein tittel, men den vert ikkje vist nokon stad i det vanlege grensesnittet.
    2. Lenke til korresponderande datasett-oppføring i data.norge.no. Denne er i ustand i skrivande stund.
    3. Tidspunkt for sist-endra
    4. Lenker til Feltdefinisjonar og trafikk-statistikk
    5. Tal på filstørrelse ved nedlasting av heile datasettet, og tal på rader.

    Statistikk for datasett

    3902dc19-1670-42ee-8177-3826103f3b9b-2021-11-05 17_23_59-Digitaliseringsdirektoratet _ Datahotell - Difi.png

    Digdir publiserer trafikk-statistikk for alle datasett ein gang i månaden. Det er tungvindt å grave i desse dataene sidan ein må opne i Excel, filtrere til rette datasett og tidsperiode ein vil sjå på og vidare formatere. Difor laga eg ei enkel visning, og med ein graf som gjer det mykje lettare å lese tala.

    Kun for Datahotellet i dag
    I skrivande stund er ikkje innstikket oppdatert etter at data.norge.no og Felles datakatalog vart slått saman i 2020, så det er kun Datahotellet ein får ekstra funksjonalitet på. Ein vakker dag eg får ledig tid og ånden over meg, skal innstikket oppdaterast.

    Datasett brukt

    • Datahotell-API
    • Statistikk frå datahotellet

    Installere

    • Chrome
    • Firefox Browser Addons

    PS. Du kan også installere innstikket i Microsoft Edge via Chrome nettmarked.
    PPS. For dei spesielt interesserte så kan du laste ned kjeldekoden og laste innstikket inn i nettlesaren manuelt.

    Vidare lesing

    • Kjeldekode
    • Oversikt over alle funksjonar
    • Blogg-post ved lansering våren 2018

    Skriv gjerne under dersom du har spørsmål, ris eller ros.

    1 Svar Siste svar
    0
    • L livar.bergheim refererte dette emnet dette emnet på

    • Data.norge.no
    • Kontakt oss
    • Samtykke og brukervilkår
    • Tilgjengelighetserklæring
    • Personvernerklæring
    • Informasjonskapsler
    • github logoFølg oss på Github
    • Logg inn

    • Logg inn eller registrer deg for å søke.
    • Første innlegg
      Seneste innlegg
    0
    • Kategorier
    • Emneord
    • Seneste
    • Populære