@oivind-langeland @sophus-aarnaes : Det er framleis analyse av Enhetsregisteret med Python, sjølv om det er utan Pandas, så eg tenker dette passar godt som ei fortsetting på denne tråden 🙂
Om du seinare tykkjer det passar betre, går det alltids an å lage ein ny tråd.
Kommentarfeltet tenker eg passar betre for kortare kommentarar, til dømes @oivind-langeland sitt innlegg med eit godt tips til andre brukarar på å vere obs på at XLSX-fila har fleire ark. Det er nokre tankar om kva ein kan bruke kommentar-feltet til i lanseringsposten frå tidlegare i år. Kommenter gjerne om du har tankar om kommentarfeltet.
Dersom ein har ein lengre diskusjonstråd som her, så passar det betre som ein vanleg tråd/emne i Datalandsbyen. Når ein legg inn ei lenke til datasettet i posten, dukkar det opp i datasett-oppføringa på data.norge.no, under avsnittet «Datalandsbyen»:
e36a61d5-678d-4dc4-890f-61323a5ea52c-image.png