Stillingsannonser frå Finn.no via NAV/Arbeidsplassen.no
-
Vi hentar stillingsannonser frå Arbeidsplassen.no sitt API for å vise liste over ledige stillingar på Sogn.no. I den anledning ser vi at det manglar stillingsannonser i API-et, spesielt annonser publisert på Finn.no.
- Vert det arbeida med å få alle annonser, også frå Finn.no inn i API-et?
- Kan de oppdatere dokumentasjonen med meir informasjon om API-et, kva datakjelder er med, kva er ikkje med og meir.
Eksempel på annonse frå Finn.no som ikkje er i API-et
Her er eksempel på ein annonse lista på arbeidsplassen.no som ikkje er å finne att i API-et:
Lenka tek ein vidare til annonsen på Finn.no.Vårt behov
Vi treng heile stillingsannonsen for å kunne gjere utvalg på nøkkelord. Til dømes velje alle stillingar som har "sommarjobb" i tittel eller beskrivelse. Vi ønskjer ikkje å vise sjølve stillingsannonsen i løysingane vi lagar. Vi viser kun nokre metadata (tittel, arbeidsgjevar, arbeidsstad, yrke, søknadsfrist, publiseringsdato, lenke til annonse). Vi trur det beste er å lenke til detaljvisning av annonsen på den plattformen den er publisert på, sidan annonsen ser best ut der med tanke på layout og eventuelle bilder og video.ENDRA 30.01.2025: Treng heile stillingsannonsen (tekst). Stod opprinneleg at vi ikkje treng heile stillingsannonsen.
-
Takk for gode innspill og behovsbeskrivelse til API-et og dokumentasjonen. Vi får noe mer data enn vi har anledning til å dele videre foreløpig. I det siste er det primært jobbet med å få bedre løsninger for inndataene, så har ikke noe umiddelbart godt svar. Men skal forsøke å finne en god løsning på behovet - og i det minste få oppdatert dokumentasjonen (uten at jeg kan love noen tidspunkter her).
-
@nav-team-arbeidsplassen-1 Takk for raskt svar!
Kan de seie noko meir om status på å få med data frå Finn.no i API-et? Er det noko det arbeidast med, eller noko ein skal sjå på seinare? Håpar de kan prioritere dette.
Vi undersøkte mulegheta for å hente inn data direkte frå Finn.no og kombinere med data frå arbeidsplassen.no, men det er ikkje eit alternativ. Svar frå Finn.no:
Hei, det er dessverre ikke mulig. Vi har ikke noe åpent API.
NAV/Arbeidsplassen er de eneste som har fått ordnet med en spesialavtale for å få tilgang til jobb annonsene på FINN. For alle andre så er det i utgangspunktet en betalt tjeneste for å hente ut sine egne annonsedata.
Her må dere nesten vente til NAV/arbeidsplassen får oppdatert sin løsning slik at de viser alt og dere kan få dataene fra de. -
Hei, det er veldig synd at stillinger fra Finn ikke er med i APIet. Disse dataene har stor nytteverdi for innsikt og statistikk dersom de er komplette / nesten komplette. Er det mulig å få en avtale med Finn som gjør at metadata kan deles, men ikke eksempelvis utlysningsteksten?
-
-
@nav-team-arbeidsplassen Er det noko nytt når det gjeld å få stillingsutlysingar frå Finn.no tilgjengeleg i API-et?
-
@kodeverkstad Nei, dessverre.
Slik avtalen med Finn er pt. får vi ikke lov til å tilgjengeliggjøre deres annonser i APIet. -
@nav-team-arbeidsplassen : Er det kome lenger med å få med stillingsannonser frå Finn.no i API-et?
Kva er grunnen til at Finn.no ikkje tillet vidareformidling?Dersom Finn.no ikkje ønskjer at heile annonsen vert vist på andre nettstader, går det fint for vår bruk. I diskusjonar med våre kundar, har vi fråråda å implementere visning av annonsen på eiga nettside, då vi trur at annonsen verrt best presentert på den plattformen den opprinneleg vert presentert.
Vil tru det er i Finn.no si interesse å legge til rette for dette. Slik det er no, må våre kundar anbefale arbeidsgjevarar å ikkje legge ut annonsen kun på Finn.no.
Vi har nyleg levert løysing for å vise eit utvalg av stillingsannonser til www.sommarjobbivest.no, og dei saknar annonsene som ligg på Finn.no.
Etter starten av denne diskusjonstråden i 2022 har vi også levert løysing for å vise stillingsannonser på sommarjobb.no, sommarjobben.no, afjord.no og indre-fosen.no. -
Hei. Takk for henvendelsen. Nei, vi har ikke kommet noe lenger med å få med stillingsannonser fra Finn. For det andre du lurer på, må jeg vise deg videre til finn.no for mer informasjon.
mvh Team arbeidsplassen.no