Oversikt over bruk over data
-
Er det nokon som har gode eksempel på å få oversikt over kven som brukar data/API ein tilbyr, og derunder korleis data vert brukt, verdi etc.?
Både open og lukka deling.Å ha oversikt over kven som brukar data/API der deling er etter offentleglova er ei utfordring, sidan ein ikkje kan krevje å vete kven brukaren er. Det er likevel mogeleg å tilby frivilleg registrering.
Er det nokon gode eksempel på dette? -
-
Eit par eksempel frå opne data.
Få samlar oversikt over brukarar og bruk, men mange oppdagar behovet
Generelt er mi oppleving at få datatilbydarar samlar inn oversikt over brukarar. Ofte kjem ein seinare i ein situasjon der ein treng å kontakte brukarane, og sit der med liten muleghet til å nå ut til brukarane.Behov for å nå ut til brukarane kan vere at ein vil be om innspel på datadelinga (utforming av API, kva nye data skal ein prioritere å dele etc.), har viktig beskjed om drift eller vil vete meir om korleis data vert brukt.
Dei fleste har tilgang på tal på nedlastingar, API-oppslag og liknande, men det er vanskeleg å seie noko om verdien utan å vete kven som brukar data og kva dei brukar dei til.
Stortinget hadde frivilleg registrering før
Tidlegare hadde Stortinget ei frivilleg registrering, men det ser ut til at dei har fjerna dette.
Det var det beste eksempelet eg kjente til for å få oversikt over brukarar innan opne data. Det som er bra her er at registreringa kjem tydeleg fram - er ikkje bortgøymt på ei underside - og ein gjer det tydeleg at det er frivilleg å registrere seg. Ein kan fint bruke data utan å registrere seg.Skjermbilder henta via Wayback-machine på archive.org.
Universitetet i Bergen krev API-nøkkel
Universitetet i Bergen (UiB) krev at ein hentar ut API-nøkkel for tilgang til deira data. Her ser formålet ut til å kun vere tilgangskontroll - ikkje relatert til å få oversikt over kva data vert brukt til. Dersom ein brukar overbelastar systemet, så kan ein blokkere tilgangen for API-nøkkelen det gjeld, og ein har ei e-postadresse å nå brukaren på.Her kunne ein også bede om samtykke til å ta kontakt med brukarane for andre formål, til dømes sende ut e-post med spørreundersøkelse om korleis data vert brukt.
PS. Eg hadde deltidsjobb på IT-avdelinga ved UiB 2013-2015 der eg jobba med opne data.
-
Eit anna eksempel på frivilleg brukarregistrering på opne data frå offentleg sektor;
NAV sitt API for arbeidsplassen.no
https://arbeidsplassen.nav.no/vilkar-apiDer kan ein registrere seg med API-nøkkel. Det gir arbeidsplassen/NAV anledning til å kontakte brukarane ved endringar, driftsavbrot og liknande. Det står ikkje noko om at ein må (valfritt) fortelje om korleis dataene vert brukt, eller at NAV kan kontakte dei om det, sende ut brukarundersøkelse eller liknande. Eg mistenker at etter GDPR er ein nødt til å samle inn eksplisitt samtykke for dette formålet, slik at NAV kan få problem dersom ein seinare vil gjere dette.