Kommentarfelt i data.norge.no
-
Vi lanserer snart kommentarfelt på data.norge.no, og gledar oss!
Sjølve lanseringa blir måndag 21. mars. Her får du vete korleis det heile fungerer.
Kommentarfelt i heile data.norge.no
Du kan kommentere på oppføringar i alle katalogane i data.norge.no.
Både datasett, API-er, begrep, informasjonsmodeller og tjeneste og hendelse.Dette kan du bruke kommentarfeltet til
Eksempel på kva du som brukar kan nytte kommentarfeltet til:- Spørre om forklaring, til dømes på eit felt i eit datasett
- Be om meir dokumentasjon
- Ønskje meir data, til dømes fleire felt i eit datasett
- Melde frå om feil i dataene
- Foreslå forbetringar, til dømes utvida API
- Dele tips om bruk av dataene som kan vere nyttige for andre brukarar
Dersom du er den som har publisert innhald i data.norge.no, er du også velkomen til å nytte kommentarfeltet. Nokre moglege bruksområde:
- Varsle brukarar om endringar, til dømes om dataformat/API blir endra, eller at beskrivelsen i data.norge.no eller anna dokumentasjon er oppdatert
- Skrive om driftsforstyrrelsar
- Stille spørsmål til brukarar, til dømes be om innspel på planlagte endringar i dataformat, API eller liknande
Eksempel på kommentarfelt
Slik vil kommentarfeltet sjå ut:
- Det er muleg å legge inn bilder i ein kommentar, for eksempel skjermbilde.
- Ein kan svare på ein kommentar. Men ein kan ikkje svare på eit svar.
- Kun dei nyaste kommentarane vert vist, resten er skjult bak "Vis alle"
Skrive kommentarar
For å skrive ein kommentar må ein vere innlogga i Datalandsbyen.
Kommentarar er både i data.norge og Datalandsbyen
Kommentarfeltet er drive av Datalandsbyen sin plattform. Det er der kommentarane vert lagra.
Det betyr at i tillegg til at kommentarar vert synlege i data.norge.no, så dukkar dei også opp her i Datalandsbyen.
I den nye kategorien Kommentartråder blir det automatisk oppretta eit Emne når det kjem ein kommentar i data.norge.no. Det blir oppretta eitt Emne for kvar oppføring i data.norge.no.Dette betyr at du også kan svare på kommentarar her i Datalandsbyen om du vil det. Den aller første kommentaren på eit datasett må skrivast i data.norge.no.
Kommentarfeltet er også synleg på datasett-beskrivelsar i Datafabrikken
Kommentarar er lagra i Datalandsbyen
Alle kommentarar på datasett, dukkar også opp som ein diskusjonstråd (Emne) i Datalandsbyen. Dette er fordi kommentarane vert lagra i Datalandsbyen sin plattform (NodeBB). Datalandsbyen er eit diskusjonsforum for fagfolk og andre som har interesse av datadeling. Her kan ein finne svar på spørsmål om datadeling, utveksle idear med andre likesinna, diskutere og finne inspirasjon til sitt virke.Hadde ikkje data.norge.no kommentarfelt før?
Jo, det stemmer. Opp igjennom åra hadde både gamle data.norge.no eit kommentarfelt innebygd i Drupal-plattformen som dreiv nettstaden, og Felles datakatalog nytta ein periode Disqus fram til dette måtte fjernast av personvernhensyn. Vi såg at dette var nyttig, og re-lanserer endeleg kommentarfelt!Utgjevarar får varsel om nye kommentarar
I første omgang varslar vi utgjevar manuelt ved å sende ein e-post når det er kome ein kommentar på innhald som utgjevar har publisert i data.norge.no, enten det er datasett, API eller begrep. Vi jobbar med å setje opp automatisert varsling av nye innlegg.Animerte GIF-ar
Vi har støtte for animerte GIF-ar. For at ikkje det skal bli heilt sirkus i kommentar-feltet, blir ikkje animasjonar i ein kommentar spelt av automatisk. Ein må trykke på bildet for å starte animasjonen.
Har du spørsmål eller kommentarar?
Post gjerne i denne tråden. Kva vil du bruke kommentarfelta til?
Eller kontakt oss på fellesdatakatalog@digdir.noVi ser fram til at kommentarfelta opnar!
-
-