Automatisk varsling til journalistar om restaurant-inspeksjonar og trafikkmeldingar
-
Eit godt eksempel på bruk av opne data frå offentleg sektor.
Bergens Tidende har rigga fleire Slack-robotar som automatisk postar i Slack så journalistane kan sjå når noko nytt har skjedd og vurdere om dei skal følgje det opp. Til dømes skrive ei sak.
Verdien er at journalistane får beskjed når noko skjer, i staden for å måtte sjekke ein nettstad med jamne mellomrom for å sjå om det er noko nytt. Robotane sørger for å hente ut informasjon som er relevant. Til dømes kun vise restaurantinspeksjonar for relevant geografisk område i staden for alle inspeksjonar i heile Norge, og kun vise restaurantinspeksjonar med negativt resultat.
Frå Statens vegvesen
Varsel om vegstenging og liknande.


Datakjelde: Trafikkinformasjon på DATEX-format
Bergens Tidende nyttar også trafikk-data frå vegvesenet på si side "Trafikken direkte" (for abonnentar).

Smilefjes-data frå Mattilsynet
Varsel om Smilefjes-tilsyn i relevant område der tilsynet har gjeve negativt resultat.

Smilefjes-data finn du i desse to datasetta:
Smilefjestilsyn på serveringssteder
Kravpunkter for smilefjestilsyn på serveringsstederOpprinneleg presentert av Bergens Tidende på opne-data-meetup i Bergen februar 2018.
Eg nytta dette som eksempel i ein lyntale om opne data på Booster-konferansen mars 2018 - video - slides.
Hello! It looks like you're interested in this conversation, but you don't have an account yet.
Getting fed up of having to scroll through the same posts each visit? When you register for an account, you'll always come back to exactly where you were before, and choose to be notified of new replies (either via email, or push notification). You'll also be able to save bookmarks and upvote posts to show your appreciation to other community members.
With your input, this post could be even better 💗
Registrer Logg inn