Datajegeren fekk ei henvending om sykkelparkering i Oslo.
Etter litt leiting, fann vi eit datasett i Oslo kommune sin API- og datakatalog:
Kva anna fann vi om sykkelparkering undervegs?
Både vi og innmeldar fann nokre andre data om sykkelparkeringar undervegs:
-
Tromsø kommune har publisert eit datasett om sykkelparkering, men lenkene fungerer ikkje lenger.
-
Bærum kommune har eit skjema på nett der ein kan registrere sykkelparkering i kommunen eller melde om behov for sykkelparkering. Fann ingen stad der det som er registrert er tilgjengeleg, eller tydeleg informasjon om kva innsendt informasjon blir brukt til.
-
Statens vegvesen har sykkelparkering i Nasjonal vegdatabank (NVDB) (vegdata.no), men «kun» cirka 1350 i heile Norge (i motsetnad til over 4000 i Oslo kommune sitt datasett). Gå til vegkart.atlas.vegvesen.no og søk på «sykkelparkering» for å sjå i kart kva som er i vegvesenet sin database. Sjå også beskrivelse av objekttypen Sykkelparkering.
Oppføringer i data.norge: NVDB, Mobilitetstenester i NVDB -
Bane NOR ser etter nye løysingar for trygg sykkelparkering på togstasjonar. Litt på sida av innmeldt behov, men viser at det er ein del som skjer rundt sykkelparkering.
Oppfølgingspunkt
A) Oppdaterte data frå Oslo kommune
Vi har spurt Oslo kommune om dei har oppdaterte data, då datasettet nemner at oversikta er basert på kartleggingar og siste kartlegging var i 2020.
B) Gjere Oslo kommune sitt datasett lettare å finne
Datasettet frå Oslo kommune er ikkje mogeleg å finne via data.norge.no. Det er relativt enkelt for Oslo kommune å eksportere sin datakatalog til data.norge.no slik at deira datasett/API også er mogeleg å finne derifrå.
C) Nasjonal database over sykkelparkeringar / dataformat
Tilfeldigvis var vi også i kontakt med ein aktør som tok opp spørsmålet om ein nasjonal database med oversikt over sykkelparkering og standardisert dataformat for dette. Vi skal oppmode til å starte ein eigen diskusjonstråd i Datalandsbyen om dette.