Finst det API for Nettbiblioteket hos Nasjonalbiblioteket? Kunne tenkt meg å vise nokre relevante bøker på eiga nettside. F.eks. framsidebilde og tittel, med lenke som fører ein vidare til boka i Nettbiblioteket.
kodeverkstad
Innlegg
-
API for Nettbiblioteket -
Stillingsannonser frå Finn.no via NAV/Arbeidsplassen.no@nav-team-arbeidsplassen Er det noko nytt når det gjeld å få stillingsutlysingar frå Finn.no tilgjengeleg i API-et?
-
Datatjeneste Arbeidsplassen, ARBEIDS- OG VELFERDSETATENKvifor får ein duplikater i lista over yrker («occupationCategories») på ei stilling?
Det hadde vore fint å fått denne lista utan duplikater, så slepp ein å justere får dette på konsument-sida.Eksempel: annonsen med uuid 516dd47b-971d-4bba-b1a9-d598b3fc0e58
Her er tre av fire i lista like. -
Datasett Søknader til og innvilgede prosjekter fra Forskningsrådet, NORGES FORSKNINGSRÅDEr det noko nytt når det gjeld oppdatert datasett?
Kan de gå nærare inn i kva hindringane for oppdatering er? Kan vere nokon kan bidra.
Digdir har annonsert at dei kan gje råd: https://datalandsbyen.norge.no/topic/107/nasjonalt-ressurssenter-for-deling-av-data -
Stillingsannonser frå Finn.no via NAV/Arbeidsplassen.no@nav-team-arbeidsplassen-1 Takk for raskt svar!
Kan de seie noko meir om status på å få med data frå Finn.no i API-et? Er det noko det arbeidast med, eller noko ein skal sjå på seinare? Håpar de kan prioritere dette.
Vi undersøkte mulegheta for å hente inn data direkte frå Finn.no og kombinere med data frå arbeidsplassen.no, men det er ikkje eit alternativ. Svar frå Finn.no:
Hei, det er dessverre ikke mulig. Vi har ikke noe åpent API.
NAV/Arbeidsplassen er de eneste som har fått ordnet med en spesialavtale for å få tilgang til jobb annonsene på FINN. For alle andre så er det i utgangspunktet en betalt tjeneste for å hente ut sine egne annonsedata.
Her må dere nesten vente til NAV/arbeidsplassen får oppdatert sin løsning slik at de viser alt og dere kan få dataene fra de. -
Stillingsannonser frå Finn.no via NAV/Arbeidsplassen.noVi hentar stillingsannonser frå Arbeidsplassen.no sitt API for å vise liste over ledige stillingar på Sogn.no. I den anledning ser vi at det manglar stillingsannonser i API-et, spesielt annonser publisert på Finn.no.
- Vert det arbeida med å få alle annonser, også frå Finn.no inn i API-et?
- Kan de oppdatere dokumentasjonen med meir informasjon om API-et, kva datakjelder er med, kva er ikkje med og meir.
Eksempel på annonse frå Finn.no som ikkje er i API-et
Her er eksempel på ein annonse lista på arbeidsplassen.no som ikkje er å finne att i API-et:
Lenka tek ein vidare til annonsen på Finn.no.Vårt behov
Vi treng ikkje heile stillingsannonsen, sidan vi ikkje viser sjølve annonsen på Sogn.no — berre ei liste over ledige stillingar der ein kan trykke seg vidare til å sjå annonsen der den vart publisert.
For oss er det nok med resten av metadata; lenke til annonse, søknadsfrist, stillingstittel, yrke, lokasjoner og liknande. -
Ledige stillinger i Sogn.noPå Sogn.no kan ein sjå ledige stillingar i området. Stillingsutlysingane hentar vi hos NAV/Arbeidsplassen.no.
Sogn.no er nettopp lansert i ny utgåve. Den gamle nettstaden hadde "besøk Sogn" som bodskap med informasjon om reisemål og liknande, mens den nye nettstaden oppmodar besøkande om å bu og jobbe i Sogn. I den anledning treng ein oversikt over ledige stillingar.
Framsida - siste ledige stillinger
Eit stykke nede på framsida ser ein dei to nyaste ledige stillingane:
Alle ledige stillinger i Sogn
Vidare kan ein navigere til å sjå alle ledige stillingar Sogn, og vidare filtrere på kommune og yrke:
Når ein trykker på ei av stillingane, så får ein sjå heile stillinga i arbeidsplassen.no eller anna nettstad.
Datakjelder
Data hentar vi frå NAV sitt API frå arbeidsplassen.no. Der er det til ei kvar tid rundt 30 000 ledige stillingar.Kvifor hente frå NAV/arbeidsplassen.no?
Kva med stillingar på Finn.no, Jobbnorge.no osv.? Det fine med NAV sin database er at dei automatisk får inn alle stillingar publisert andre stader som Finn.no og andre portalar. I tillegg hentar NAV automatisk inn ledige stillingar frå diverse nettsider (kommuner sine eigne nettsider, bransje-nettstader og liknande).Grunnlaget er at alle som har ledige stillingar er pliktige å gje beskjed til NAV i følgje arbeidsmarkedslova. Det verkar som at mange arbeidsgjevarar ikkje er klar over dette. I praksis er det ein del ledige stillingar som blir kunngjort, men ikkje fanga opp i NAV sin database. Til dømes at den berre vert kunngjort på verksemda si nettside. Her er det ikkje snakk om tilsettingar som blir gjort utan at stillinga er utlyst, som er ei anna sak.
NAV sin database blir aldri heilt komplett, men det er den mest komplette databasen i Norge så vidt vi veit.
Verdien
For Sogn.no, får ein vist fram nesten alle utlyste ledige stillingar, og det heile oppdaterast automatisk.For NAV sin del tenker vi at dei får synleggjort ledige stillingar fleire stader, som støttar opp under deira mål om "fleire i arbeid" og "ein velfungerande arbeidsmarknad".
Teknisk
Vi har laga eit program som hentar data frå NAV og gjer dei tilgjengeleg via eit API som vert nytta av nettsida på Sogn.no. Arbeid med nettsida og frontend er det Gasta som har stått for.Kvifor ikkje berre koble NAV og Sogn.no direkte saman? Det er eit par grunnar til det:
- Filtrering. Vi skal hente ut ledige stillingar i ei handfull kommunar (sjå skjermbilde over). For å få dette til så hentar vi alle ledige stillingar hos NAV og filtrerer ut dei relevante stillingane. Vi tar med alle stillingsutlysingar som er oppgjevne med arbeidsstad i ein av kommunane. Ei stillingsutlysing kan ha fleire mogelege arbeidsstader oppgjevne.
- Dataminimering. Vi treng ikkje å vise alle element på Sogn.no, så vi tar kun med dei som trengs og droppar andre felt som full stillingstekst, kontaktinfo m.m.
- Datatransformasjon. Vi må kna litt på datasetta for å vise dei på ein god måte. Til dømes normalisere søknadsfrist til samme dato-format.