Eit kjent problem. Bra du tek det opp.
Eg jobba med ELMA eit par år, fram til mai 2021, og på utviklar-sida hadde eg hovudansvaret for opne data frå ELMA. Skal be andre som jobbar med ELMA i dag om å sjå på dette.
Nokre foreløpige svar på spørsmåla:
1) ELMA eksporterer alle registrerte mottakarar til PEPPOL Directory.
2, 3, 4) Tvilar sterkt på at nokon av desse alternativa er ønskjelege.
Den korrekte måten å slå opp norske organisasjosnummer i PEPPOL
For oppslag på norsk organisasjonsnummer i PEPPOL, er aldri oppslag i ELMA rett metode. Korrekt metode er å slå opp via SML, som så peikar ein vidare til korrekt SMP (ELMA eller annan SMP) dersom mottakaren er registrert i PEPPOL-nettverket.
Historikk
Tar med litt historikk, sidan det gjerne er andre som også leser denne tråden.
ELMA har gjort informasjon om mottakarar tilgjengeleg som opne data i mange år, minst frå 2014. I begynnelsen var ELMA einaste SMP som norske mottakarar kunne registrere seg i, og mange har tydelegvis laga integrasjonar mot ELMA for å slå opp norske organisasjonsnummer. Data frå ELMA fungerte til dette den gang. No som ein som norsk verksemd kan registrere seg som mottakar i ELMA i andre SMP-ar enn ELMA, er ikkje desse integrasjonane korrekte. Sjølv om ei norsk verksemd ikkje er i ELMA, kan den vere i andre SMP-ar som du seier.
Opne data frå ELMA er i dag nettopp det - opne data frå ELMA. Vil tru det er nyttig for analyse-formål, sjølv om dataene ikkje lenger egnar seg til å bli kobla inn i forretningsprosessar slik mange har gjort.
Dokumentasjonen er tydeleg: Ikkje bruk ELMA til å slå opp norske organisasjonsnummer
Med den endra situasjonen, har ELMA oppdatert dokumentasjonen:
I oppføringa på data.norge.no står det: «OBS! Andre SMP-er enn ELMA inneholder også norske mottakarere. Dersom du skal sjekke om en organisasjon kan motta et gitt dokument (f.eks. efaktura), bruk SML-oppslag eller PEPPOL directory.»
Og i ELMA sin dokumentasjon i Digdir-docs står det:
«NB! These datasets must not be used to check if a given norwegian organization is registered in PEPPOL or what documents an organization can receive. This should be done via a lookup via the SML (Service Metadata Locator).»
Utfordringa er å nå ut med oppdatert dokumentasjon
I praksis er det nok få av dei som allereie har sett opp integrasjon som går tilbake og leser dokumentasjonen.
Ein har heller ikkje noko god måte å nå ut til alle brukarane av dei opne dataene frå ELMA. Utfordringa med opne data er at få eller ingen av verksemdene som har gjort data tilgjengeleg, har nokon god måte å nå ut til brukarane (til dømes ei e-postliste). Laga forøvrig ein tråd om dette med oversikt over brukarar, sidan det er eit problem som dukkar opp med jamne mellomrom.
Den beste løysinga er nok å få dei som brukar data frå ELMA feil til å rette praksis.
Det er nokre lenker til nyttig informasjon for å implementere oppslag via SML dette nederst på sida "Open data" under ELMA på docs.digdir.no.
Slik varslar ELMA om endringar
I dag blir endringar i ELMA annonsert på Samarbeidsportalen / status.digdir.no.
For vesentlege endringar i dei opne dataene, blir det gjerne posta frå Datahotellet sin Twitter-konto, der ein legg ut driftsmeldingar.