Skip to content
  • 0 Stemmer
    4 Innlegg
    11k Visninger
    L

    Innstramming i rate-limiting
    I går kveld, 31. august, stramma vi ytterlegare inn på rate-limiting.
    Bakgrunnen er høg trafikk som førte til at datahotellet vart overbelasta og dermed utilgjengeleg for alle.

    Grensa på rate-limiting er framleis 10 forespørslar i sekundet pr. IP-adresse.

    Innstramminga er at støtte for «burst» er skrudd av. Når burst var skrudd på, vart ekstra forespørslar som oversteig grensa på 10 forespørslar i sekundet sett i kø. Forespørslane vart så vidaresendt til datahotellet etter ei viss forsinkelse. No blir slike ekstra forespørslar avvist med ein gang med HTTP-feilkode 429.

    Vi ser dette skapar problem og ser på om det er nokon justeringar vi kan gjere.

    OPPDATERT kl. 12:45: vi har senka rate-limit til 5 forespørslar i sekunder pr. IP-adresse, men skrudd på «burst» igjen.