Tips til å etterspørre datasett og API-er
-
I denne kategorien kan du etterspørre datasett og API-er. Du kan også etterspørre utviding på eksisterande datasett og API. For eksempel å gjere meir data tilgjengeleg, endringar i API og liknande.
Om du ønskjer å begjære innsyn i data, må du ta kontakt direkte med den ansvarlege verksemda. Du er naturlegvis velkomen til å poste om det her i tillegg
Tips til å skrive innlegg
-
Sjekk om datasettet finst frå før
Ta ein kjapt søk på data.norge.no, eventuelt også geonorge.no om det gjeld geodata. -
Skriv kven som har data du etterspør
Enten du veit kven som har data du er ute etter, eller har ein anelse, ta det gjerne med.
Dersom du ikkje veit kvar dataene er, skriv gjerne det. -
Utdjup om data
Kva data er du ute etter? Kva informasjonselement er det i datasettet? Kva format ønskjer du data på? Treng du nedlasting av komplett datasett, eller oppslag via API? Kva API-funksjonalitet ønskjer du? -
Beskriv bruksområde og verdi
Kva vil du bruke data til? Kva er verdien? Ta gjerne med andre mogelege bruksområde for dataene. -
Ta med relevante lenker
Dersom innlegget angår eksisterande datasett/API, legg ved lenke til oppføringa på data.norge.no.
-