Filmdatabasen frå Medietilsynet som opne data
-
Skulle gjerne hatt Filmdatabasen frå Medietilsynet som komplett nedlasting i strukturert format.
Skjermbilde frå https://www.medietilsynet.no/filmdatabasen/39664Eit par spørsmål:
- Kva identifikatorar er det på filmane i databasen? For å til dømes koble dataene med andre databaser som IMDB og liknande
- Er tilsvarande data tilgjengelege som datasett eller API frå dei som no har tatt over ansvaret for dette sidan 2023?
Ser at Medietilsynet i skrivande stund ikkje har noko innhald i katalogane på data.norge.no i følgje Verksemd-oversikta der. Kanskje andre datasett/registre/databaser hos Medietilsynet som bør førast opp? Dei må gjerne legge inn korte beskrivelsar av data dei har som ikkje er delt endå, og så kan dei som ønskjer tilgang til data melde interesse. Slik som det er oppmoda til i §6 i utkast til ny datadelingslov i NOU 2024:14, «Med lov skal data deles» s. 255
§ 6. Krav til oversikt over og publisering av data og metadata
[...]
(2) Offentlige virksomheter skal vedlikeholde og publisere en oversikt over data med tilhørende metadata og dokumentasjon som virksomheten forvalter, i nasjonal datakatalog, dersom det er mulig og hensiktsmessig.PS. Eg har ikkje akutt behov for Filmdatabasen, så Medietilsynet treng ikkje prioritere dette med det same. Fint om eg kan få eit (førebels) svar i løpet av eit par veker.
1/1