Skip to content
  • ELMA-alternativ til Datahotellet

    Tips og spørsmål
    1
    0 Stemmer
    1 Innlegg
    130 Visninger
    Ingen har svart
  • ELMA for alle norske bedrifter

    Etterspør datasett og API-er
    7
    1 Stemmer
    7 Innlegg
    7k Visninger
    L

    @georg PEPPOL Directory er ein måte å sjekke på, men det beste er som Frode (@kons-fbj) seier, å gjere eit SML+SMP-oppslag. Det er fleire grunnar til det. Då eg sist var meir inne i PEPPOL-domenet for snart eit år sidan, så var det ikkje eit absolutt krav at alle SMP-ar må legge inn sine mottakarar i PEPPOL Directory. I så fall vil ikkje PEPPOL Directory ha ein komplett oversikt. Eg veit ikkje om det er blitt eit krav nyleg. Sjølv om det er blitt eit krav, så vert det eit ekstra ledd til den faktiske registreringa i PEPPOL (oppslag via SML+SMP), og dermed ei ekstra feilkilde. Nokre SMP-ar har kanskje problem med oppdatering til PEPPOL Directory osv.

    Dersom du får 429-feil på oppslag i PEPPOL Directory, så var det mogeleg å laste ned heile PEPPOL Directory som ei stor fil og så gjere sjekk lokalt. Om det er ein batch-jobb som ikkje køyrer veldig ofte, så kan det vere ein meir farbar veg.

    Laga forresten ein eigen tråd for å utveksle tips om korleis hente data frå API med rate-limiting. Vart sjølv nysgjerrig på kva støtte som finst i form av HTTP-klientbibliotek, rammeverk og liknande.