Datahotellet vert lagt ned 1. oktober 2024
-
Den 1. oktober vert Datahotellet lagt ned. Vi har som mål at alle datasett på Datahotellet framleis skal vere tilgjengelege. Nokre datasett er allereie tilgjengelege via andre distribusjonar, enten det er filnedlasting eller API. Resten vil bli tilgjengeleg i løpet av dei neste månadane. Vi følgjer opp dette i lag med tilbydarane av data.
Les meir og sjå oversikt over alternative datakjelder på
hotell.difi.no/avviklingSpørsmål eller kommentarar?
Kontakt oss på opnedata@digdir.no
Eller skriv i eigen diskusjonstråd her i DatalandsbyenPS. Vi oppdaterer denne posten når det er noko nytt å melde i prosessen med avvikling, til dømes at data er blitt tilgjengeleg frå andre kjelder. Du kan logge på og velje å følge dette emnet for å få e-postvarsel når det kjem ny kommentar her.
-
-
-
Vi har laga eit rekneark med oversikt over status for datasett på Datahotellet.
Dette gir oversikt over kva datasett som har alternative distribusjonar du kan bytte til.
Sjå elles avvikling-sida på hotell.difi.no -
Status på avvikling:
Data på plass:
- Sokkeldirektoratet har alternativ distribusjon på plass for sine data
- Forskningsrådet har begynt å legge ut sine to datasett på GitHub. Sjå datasetta sine beskrivelsar i data.norge.no for lenker
Jobbar med å gjere alternativ distribusjon av data tilgjengeleg:
- Statens vegvesen
- Landbruksdirektoratet. Planar om å distribuere via GitHub
- Brønnøysundregistrene
Sjå lenker og detaljar i reknearket
Vi kjem med oppdatering når det er fleire alternative distribusjonar på plass. Både her i Datalandsbyen, på e-postlista og i reknearket.
-
Datahotellet begynner gradvis avvikling frå onsdag 2. oktober.
Først ut er ELMA-datasetta. Dersom ein treng forlenga tilgang for å rekke å legge om, må ein snarast ta kontakt.
Sjå meir informasjon på: https://hotell.difi.no/avvikling