Datahotellet sin front-end lagt om
-
topic:wrote-on, /post/666, 2023-02-24T11:57:54.872Z Sist endret av livar.bergheim
No kl. 13:00 legg vi om nettstaden https://hotell.difi.no/
For brukarane skal ein ikkje merke nokon forskjell.
Kjeldekoden for nettstaden er no å finne på GitHub, og nettstaden blir servert via Github Pages. Merk at dette kun er nettstaden der ein kan lese dokumentasjon, driftsmeldingar og navigere i datasett. Sjølve datahotellet (nåast på adresser som begynner med hotell.difi.no/api/) er ein eigen komponent som ikkje er berørt av dette.
Nettstaden hotell.difi.no har opp mot 100 besøkande kvar dag. Datahotellet sitt API har mange fleire treff.
Bakgrunnen er at nettstaden har køyrt på Drupal 7 som no skal fasast ut til fordel for nyare versjonar av Drupal, som til dømes digdir.no allereie køyrer på. For hotell.difi.no fann vi ut at det beste var å konvertere til statiske nettsider.
No blir det også mogeleg å gje tilbakemeldingar på nettstaden, enten det er funksjonalitet i å bla i datasett eller dokumentasjonen, ved å legge inn issues i GitHub, eller til og med foreslå endringar direkte i form av Pull Requests.
-
topic:user-moved-topic-from-on, L livar.bergheim, Tilbakemeldinger og nyheter,
Hei! Det ser ut til at du er interessert i denne tråden, men du er ikke innlogget.
Lei av å måtte skrolle gjennom de samme innleggene hver gang du besøker siden? Når du er innlogget, kommer du alltid tilbake til nøyaktig der du var sist, og du kan velge å bli varslet om nye svar (via e-post eller push-varsel). Du kan også lagre bokmerker og gi tommel opp til innlegg for å vise andre i fellesskapet at du setter pris på bidragene deres.
Med ditt bidrag kan denne tråden bli enda bedre 💗
Registrer Logg inn