Datahotellet vert lagt ned 1. oktober 2024
-
topic:wrote-on, /post/1075, 2024-05-16T12:01:26.206Z Sist endret av livar.bergheim
Den 1. oktober vert Datahotellet lagt ned. Vi har som mål at alle datasett på Datahotellet framleis skal vere tilgjengelege. Nokre datasett er allereie tilgjengelege via andre distribusjonar, enten det er filnedlasting eller API. Resten vil bli tilgjengeleg i løpet av dei neste månadane. Vi følgjer opp dette i lag med tilbydarane av data.
Les meir og sjå oversikt over alternative datakjelder på
hotell.difi.no/avviklingSpørsmål eller kommentarar?
Kontakt oss på opnedata@digdir.no
Eller skriv i eigen diskusjonstråd her i DatalandsbyenPS. Vi oppdaterer denne posten når det er noko nytt å melde i prosessen med avvikling, til dømes at data er blitt tilgjengeleg frå andre kjelder. Du kan logge på og velje å følge dette emnet for å få e-postvarsel når det kjem ny kommentar her.
-
topic:user-referenced-topic-on, L livar.bergheim, /post/1076,
-
topic:user-referenced-topic-on, L livar.bergheim, /post/1122,
-
topic:wrote-on, /post/1125, 2024-08-19T09:07:29.827Z Sist endret av
Vi har laga eit rekneark med oversikt over status for datasett på Datahotellet.
Dette gir oversikt over kva datasett som har alternative distribusjonar du kan bytte til.
Sjå elles avvikling-sida på hotell.difi.no -
topic:wrote-on, /post/1143, 2024-09-13T12:39:55.738Z Sist endret av
Status på avvikling:
Data på plass:
- Sokkeldirektoratet har alternativ distribusjon på plass for sine data
- Forskningsrådet har begynt å legge ut sine to datasett på GitHub. Sjå datasetta sine beskrivelsar i data.norge.no for lenker
Jobbar med å gjere alternativ distribusjon av data tilgjengeleg:
- Statens vegvesen
- Landbruksdirektoratet. Planar om å distribuere via GitHub
- Brønnøysundregistrene
Sjå lenker og detaljar i reknearket
Vi kjem med oppdatering når det er fleire alternative distribusjonar på plass. Både her i Datalandsbyen, på e-postlista og i reknearket.
-
topic:wrote-on, /post/1152, 2024-10-01T13:18:17.401Z Sist endret av
Datahotellet begynner gradvis avvikling frå onsdag 2. oktober.
Først ut er ELMA-datasetta. Dersom ein treng forlenga tilgang for å rekke å legge om, må ein snarast ta kontakt.
Sjå meir informasjon på: https://hotell.difi.no/avvikling -
topic:wrote-on, /post/1284, 2025-02-11T08:11:39.551Z Sist endret av
No er Datahotellet stengt.
Takk til alle datatilbyderar og brukarar som har vore med oss.
Sjølve nettstaden (hotell.difi.no) blir oppe nokre månadar til.
Hei! Det ser ut til at du er interessert i denne tråden, men du er ikke innlogget.
Lei av å måtte skrolle gjennom de samme innleggene hver gang du besøker siden? Når du er innlogget, kommer du alltid tilbake til nøyaktig der du var sist, og du kan velge å bli varslet om nye svar (via e-post eller push-varsel). Du kan også lagre bokmerker og gi tommel opp til innlegg for å vise andre i fellesskapet at du setter pris på bidragene deres.
Med ditt bidrag kan denne tråden bli enda bedre 💗
Registrer Logg inn