Hei,
På arbeidsplassen min diskuterer vi dette med bruk av AI til tekst til både statisk innhald og nyheitssaker. I den forbindelse lurer vi på om de har gjort nokre vurderingar rundt retningslinjer/standard for merking av AI-generert innhald?
Ein anna diskusjon som har dukka opp er at om ein skal markere tekst som er generert via f.eks. ChatGPT, skal ein då også markere tekst som er omsett via Google Translate?
Eg tenkjer at det er eit ganske stor skilnad mellom generativ AI med prompting, og tenester som Google Translate som ikkje genererer tekst, men er nysgjerrig på om det er andre synspunkt der ute.