Understellsnummer fjerna i Datahotellet
No er understellsnummer (kolonna «tekn_unr» fjerna i Datahotellet).
Endringa vart gjort kl. 16 i dag.
OBS! Nytt namn/id på datasettet
For at alle som slår opp på understellsnummer skal få med seg at datasettet er endra, så byter vi også namn på datasettet. Alle integrasjonar vil slutte å virke og API-kall gir statuskode 404 («Not found») tilbake.
Id'en var «vegvesen/kjoretoy», og blir no «vegvesen/kjoretoyinfo».
Endringa vart aktiv 17:01.
Grunnen til dette er at no som understellsnummer er fjerna, kan ein få feil svar tilbake. For nokre integrasjonar som gjer oppslag mot understellsnummer, vil ein ikkje få tomt resultat tilbake når ein no slår opp på understellsnummer. I staden for får ein tilbake dei 100 første radene i datasettet. For å unngå mulege problem hos dei som har sett opp integrasjonar som ikkje er robuste, så endrar vi identifikator på datasettet slik at alle integrasjonar stoppar å virke. På denne måten får også alle som nyttar datasettet med seg endringar. Det er antagelegvis fleire som ikkje har fått med seg annonsering av denne endringa.
Meir tekniske detaljar
Det er to måtar ein kunne slå opp på understellsnummer. Det er kun den eine av desse måtane som gir feil svar tilbake.
Slå opp ved hjelp av søk — bruke query-parameteret. Eksempel
Eksempel: https://hotell.difi.no/api/json/vegvesen/kjoretoy?query=ABCDDF394058
Slå opp direkte ved filter på feltet — ?tekn_unr=<understellsnummer>
Eksempel: https://hotell.difi.no/api/json/vegvesen/kjoretoy?tekn_unr=ABCDDF394058
For forskjell på søk og filter, sjå API-dokumentasjon, under «Eksempel på oppslag i API-et».
Det er nr. 2) som gir 100 første radene i datasettet. Når feltet «tekn_unr» ikkje lenger eksisterer i Datahotellet, blir forespørselen behandla på samme måte som om parameteret ikkje var med; https://hotell.difi.no/api/json/vegvesen/kjoretoy
Det er dessverre slik Datahotellet fungerer. Ein får ingen feilmelding dersom ein gjer API-kall med parameter som er ugyldige.
For oversikt; eg jobbar i Digdir med blant anna Datahotellet, og bistår Statens vegvesen i publisering på Datahotellet når det gjeld dette datasettet.