Verdt å merke seg løysinga vi har for å vise reuse case, i form av kategorien «Gode eksempel på bruk» her i Datalandsbyen. Eit kort eksempel er Digitalt HC-kort. Det er ei automatisk kobling mellom innlegg i Datalandsbyen og beskrivelsar på data.norge.no som innlegget lenker til. I dette tilfellet er det lenke til API-beskrivelsen på data.norge.no for «Register for parkeringstillatelser». Då finn ein lenke til innlegget i API-beskrivelsen på data.norge.no:
4c8bc87a-ed27-4d84-9c09-2dfb9aee3a24-image.png
Om de i Patentstyret eller andre vil få fram gode eksempel på bruk på denne måten, kan ein nemne denne mulegheita for brukarane i omtale av datasett/API, til dømes på eigen utviklarportal. Erfaringa vår er at det er begrensa kor mange som sjølve registrerer sine eksempel, så for svært gode eksempel, er det verdt å vurdere å sjølve — som datatilbyder — registrere eksempel.